Søknad, opptak og svar på søknad

Søknadsfristen for samordna hovudopptak for kommunale og private barnehagar er 1. mars. 

Du kan søkja om barnehageplass heile året, og blir først kontakta når ditt barn kan få tilbod om plass. Ved overgang til nytt år vert søknadar i ventelista frå fjoråret kansellert, og de som ventar på plass eller overføring til ny barnehage må sende ny søknad. Det er opptakskriteria som avgjer kva plass ein har på ventelista, ikkje tidspunktet for søknaden.  

Frå midten av mars sender me ut tilbod om plass via e-post. Hovudopptaket pågår fortløpande til alle med rett til plass har fått svar på søknad. Det kan difor gå noko tid før du mottek tilbodet. Føresette svarar via søknadsportalen innan svarfristen. Barn som har rett på plass ved hovudopptaket må ta imot plass med oppstart seinast 1. desember same år. For å ha rett på plass må barnet ha fylt eitt år innan utgangen av november det året ein søker. 

Søker de før barnet har rett til plass vert de først kontakta når barnehagen har ledig kapasitet. Det kan dermed vere lang ventetid før de får svar. 

 

Informasjon om barnehagetilbodet 2024-2025

Sogndal kommune arbeider med å ha tilstrekkeleg med barnehageplassar for å møte auka barnetal og er i prosess for å ha dette klart.

Kyrkjebakken barnehage har ordinært opptak barnehageåret 2024-25

Rett til barnehageplass

  • Det må vere søkt om barnehageplass innan 1. mars. 
  • Barn som fyller eitt år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet er født. 
  • Vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen. 

Prioritering

Enkelte barn har rett til prioritet. Søkjer du om prioritering ved opptak må det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som til dømes barnevern, helsestasjon, lege eller PPT. Vedlegg kan lastast opp i søknadsportalen eller sendast per post til: Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal.

Redusert betaling

Etter at du har fått tildelt barnehageplass, er det høve til å søkja om redusert betaling dersom du har låg inntekt og kjem inn under ordninga om redusert foreldrebetaling.

Hugs at du må søkja på nytt kvart barnehageår. Meir informasjon om redusert foreldrebetaling

For at søknad om redusert foreldrebetaling skal kunne gjelde frå nytt barnehageår, er fristen 15. juni

For søknader som kjem i løpet av året, vil vedtak gjelde frå månaden etter søknaden er motteken.

Informasjon om redusert foreldrebetaling

Oppseiing og endring av barnehageplass

Gjensidig oppseiingstid er ein månad, frå den 1. eller den 15. i månaden. Oppseiinga skal vere skriftleg. Bruk helst søknadsportalen

Dersom du ynskjer å bytta til annan barnehage eller endra opphaldstid i noverande barnehage må du óg nytta søknadsportalen
Tildeling av plass i ny barnehage fører automatisk til at tidlegare barnehageplass vert sagt opp.