Testen må ein gjennomføra i løpet av dei siste 24 timane før ein møter opp. Denne oppmodinga kjem frå Helsedirektoratet til kommunane.

Alle det gjeld, vil få utdelt gratis sjølvtest frå kommunen. Skular og barnehagar sender ut nærare informasjon om når og kvar sjølvtestane kan hentast.

Dersom ein får positiv koronatest, tek ein kontakt med:

  • Smittesporingstemet:  91 76 27 15 eller
  • Smittevernlege:          47 89 68 55 eller
  • legevakt 116117

Ved positiv test kan ein ta kontakt med lærar/rektor/skulen slik at skulen kan få oversikt og planlegge for eleven/-ane. Det er likevel ikkje noko pålegg då dette er helseopplysningar.

Sjå nettsidene til Folkehelseinstituttet for meir detaljert informasjon:  Nærkontakter og smittekarantene - FHI

Desse nettstadane har brukarrettleiingar for hurtigtestane på ulike språk: 

Norsk og fleire andre språk: CLINITEST® Rapid COVID-19 Self-Test (siemens-healthineers.com)

For informasjon på arabisk: Bruk av hurtigtest heime for barn og unge - ARABIC - YouTube

For informasjon på tigrinya: Bruk av hurtigtest heime for barn og unge - TIGRINJA - YouTube