Utval for levekår har i sak 8/21 Barnehagebruksplan for Sogndal kommune og sak 9/21 Høyring skulebehovsplan Sogndal kommune 2021 – 2036 vedteke å legge ut på høyring to planar som samanfattar dei bygningsmessige behova Sogndal kommune har dei neste 10–15 åra. Desse planane inkluderer ei prognose for framtidig behov ut frå elevtal, samt ei vurdering av dagens bygg og deira funksjonalitet.

Høyringsfrist for begge planane er 10.10.21. 

Føremålet med planarbeida er å legge ein langsiktig plan for investeringar i barnehage og skule framover, og det er difor viktig at vi har eit mest mogleg komplett bilete av situasjonen. I denne saka vert barnehagebehova særleg omtala, men i medverknadsprosessane vil informasjon og medverknad skje parallelt og i same møtefora. Sogndal kommune vil legge til rette for informasjonsmøter på ulikt vis. Det vil bli eit samla digitalt informasjonsmøte om begge planane, dette vil det bli lagt opptak av på kommunen si heimeside. I tillegg vil det bli laga kortare videosnuttar som oppsummerer kva planen seier om barnehage og skule innanfor kvar einskild skulekrins.  

For dei tre krinsane der dei største utbyggingsbehova er skissert, Kaupanger, Sogndal sentrum og Leikanger, vil det bli invitert til fysiske høyringsmøter, det kjem eigen invitasjon til desse. Det er mogleg å kontakte Sogndal kommune dersom det er spørsmål til planen, eller behov for å legge til rette ytterlegare medverknadsprosessar.  

Vedtak frå utval for levekår i sak 8/21:

  1. Barnehagebruksplan for Sogndal kommune vert lagt ut på høyring
  2. Høyringsfristen vert sett til 10.10.21
  3. Barnehagebruksplanen skal slutthandsamast i kommunestyret 28.10.21
  4. I tillegg til sjølve rapporten, og dei alternativa som ligg i den, er det ønskjeleg med høyringsinnspel på synspunkt på om vekst i barnehagekapasitet skje i privat eller offentleg regi. 

Vedtak frå utval for levekår i sak 9/21: 

  1. Skulebehovsplan for Sogndal kommune 2021 - 2036 vert lagt ut på høyring
  2. Høyringsfristen vert sett til 10.10.21
  3. Skulebehovsplanen skal slutthandsamast i kommunestyret 28.10.21
  4. Skulekrinsgrenser står fast både på ungdomstrinn, barnetrinn og oppvekstsenternivå. 

Omtale av høyringsutkast til barnehagebruksplan 

Alternativ for Trudvang krins (sjå også side 56–61 i plandokumentet): 

Alternativ 0:

  • Vidareføre eksisterande barnehagar med 100% dekning i krinsen
  • Ombygging og rehabilitering av Kyrkjebakken, Notsete, Kjørnes og Rones.
  • Ein ny barnehage i Trudvang krins med 79 plassar 
  • Estimert investeringskostnad: 86 mill.kr. 

Alternativ 1: 

  • Slå saman Kyrkjebakken og Notsetei nytt bygg med 84 plassar.
  • Ein barnehage i Trudvang med 83 plassar.
  • Selje/avhende bygningsmasse Rones (føreset framleis drift av barnehage Rones, kun eigarforhold bygningar).
  • Elles oppussing og vedlikehald av annan bygningsmasse 
  • Estimert investeringskostnad: 88 mill.kr. 

Alternativ 2: 

  • Slå saman Kyrkjebakken og Notsete barnehage i nytt bygg med auka kapasitet til 167 plassar 
  • Selje/avhende bygningsmasse Rones (føreset framleis drift av barnehage Rones, kun eigarforhold bygningar).
  • Elles oppussing og vedlikehald av annan bygningsmasse
  • Estimert investeringskostnad: 87 mill.kr. 

Alternativ 3a:  

  • Slå saman Kyrkjebakken og Notsete barnehage i nytt bygg med auka kapasitet til 112 plassar.
  • Bygge ein ny barnehage i Trudvang og auke kapasitet til 112 plassar for å erstatte Sogndal studentbhg.
  • Selje/avhende bygningsmasse Rones (føreset framleis drift av barnehage Rones, kun eigarforhold bygningar).
  • Elles oppussing og vedlikehald av annan bygningsmasse 
  • Estimert investeringskostnad: 115 mill.kr. 

Alternativ 3b:  

  • Slå saman Kyrkjebakken og Notsete barnehage i nytt bygg med auka kapasitet til 112 plassar.
  • Studentsamskipnaden byggjer ny barnehage med 112 plassar for å erstatte Sogndal studentbarnehage
  • Selje/avhende bygningsmasse Rones (føreset framleis drift av barnehage Rones, kun eigarforhold bygningar).
  • Estimert investeringskostnad: 59 mill.kr.  

Norconsult tilrår alternativ 3b for Trudvang krins. 

Alternativ for Kaupanger krins (sjå også side 62 – 64 i plandokumentet): 

Alternativ 0:  

  • Byggje på Furuli barnehage for å auke kapasiteten til 158 plassar 
  • Estimert investeringskostnad: 20 mill.kr 

Alternativ 1a:  

  • Ny godkjenning av kapasiteten i Furuli barnehage til 117 plassar
  • Byggje ny kapasitet med 41 plassar i oppvekstsenter 
  • Estimert investeringskostnad: 16 mill.kr  

Alternativ 1b:  

  • Ny godkjenning av kapasiteten i Furuli barnehage til 117 plassar
  • Byggje ny barnehage med 41 plassar 
  • Estimert investeringskostnad: 22 mill.kr  

Alternativ 2:  

  • Ny godkjenning av kapasiteten i Furuli barnehage til 117 plassar.
  • Gje godkjenning 41 plassar i privat bhg. 
  • Estimert investeringskostnad: 0,4 mill.kr  

Alternativ 3:  

  • Ny godkjenning av kapasiteten i Furuli barnehage til 117 plassar 
  • Byggje 41 nye plassar i kommunal natur/friluftsbhg.
  • Estimert investeringskostnad: 12 mill.kr 

Norconsult tilrår alternativ 0 for Kaupanger krins. 

Alternativ for Leikanger krins (sjå også side 65 – 66 i plandokumentet): 

Alternativ 0:  

  • Redusere kapasitet i Nybø til 48 plassar, avvikle bruk av Sorenskrivargarden og ombygging/rehabilitering av Fylkesmannsgarden
  • Estimert investeringskostnad: 9,5 mill.kr  

Alternativ 1:  

  • Slå saman Henjahaugane og Nybø i ny barnehage
  • Estimert investeringskostnad: 57,5 mill.kr  

Alternativ 2:  

  • Avvikle Nybø barnehage og bygge 48 plassar i oppvekstsenter
  • Estimert investeringskostnad: 15 mill.kr 

Norconsult tilrår alternativ 2 for Leikanger krins. 

Krinsane Fjordtun, Fjærland, Norane og Sagatun 

Norconsult si vurdering: 
For krinsane Norane, Fjærland, Fjordtun og Sagatun er det det vurdert at mindre tiltak kan gjerast over årleg vedlikehaldsbudsjett. Barnehagane i dei ulike krinsane har mindre funksjonelle utfordringar. Utover i prognoseperioden vil dei vil ha lågare barnetal. I Sagatun barnehage er det trong for å bygge om lag 30 m² i ein samband med ein av garderobane. Det er kalkulert ein kostnad på om lag 100 000 kroner. 

Høyringsingsinnspel 

Sogndal kommune ynskjer å velja løysingar som kan bidra til å nå samfunnsplanen sine satningsområde: 

  • Best på oppvekst
  • Skapt for aktiv livsstil
  • Kompetansemiljø i eliteserien 
  • Fruktbare tettstadar 
  • Utviklingslokomotiv i Sogn 

Sogndal kommune ber alle som er interesserte i utviklinga av barnehage- og skulebygga våre, koma med innspel.

Dei som vil levere høyringsinnspel til barnehagebruksplanen, kan gjere det innan 10.10.21.

Lever høyringsuttale